PROGRAM

Torsdag 29. september
Thon Hotel Fosnavåg

Registrering fra kl. 09.30. Programmet starter kl. 10. 
Fagleg del ferdig til kl. 16.00
Krabbefest kl. 18.00 til ca. kl. 21.00

Loveleen Rihel Brenna: Mangfaldsleiing - framtidas leiing

Loveleen Rihel Brenna er forretningsutviklar med fleire styreverv, har leia mange utval og panel og er ein mykje brukt foredragshaldar. Spisskompetansen er innan mangfaldsleiing, og ho har leia komiteen som har utvikla den nasjonale standarden for leiingssystem for mangfald i tillegg til at ho har skrive ei rekkje bøker om temaet. 

Ho fortel at dette foredrag er for den som vil vere leiar for det 21. århundre. Ho skal snakke om korleis ein kan rekruttere og leie mangfald og likestillingsarbeid, for å utløyse potensialet i mangfal og utvikle ein organisasjonskultur som bidreg til auka verdiskaping og innovasjon. 

Portrett av Loveleen Rihel Brenna

 

Lin Marie Norberg Jacobsen - koplingsmagikar i NExTdigital

Lin Marie Naroberg Jacobsen har utdanning frå PR, marknadsføring og dans. Ho har jobba som dansar, koreograf og kulturarbeidar. No har ho koreografien når bedrifter på Sunnmøre blir kopla saman for å finne løysingar på digitale utfordringar. 

Lin Marie Norberg Jacobsen

Runhild Gammelsæter, Medical Director, Arctic-Bioscience

Arctic Bioscience i Ørsta har gjort silderogn om til legemiddel. Medical Director Runhild Gammelsæter skal halde innlegg på FoKo22 om marint råstoff og teknologisk utvikling, kva kompetanse trengst og finst den i regionen?

Lunsj kl. 12-13

TAPAS

Parallell-sesjon 1 kl. 13

HAV GROUP


Grøn skipsfart og berekraft på havet.

 

Parallell-sesjon 2 kl. 13

KVALE

Gripe muligheiter, takle utfordringar – juridiske rammevilkår i krevande tider. Med advokatene Henrik Grung, Preben Helverschou og Monica G. Sperre

Parallell-sesjon 3 kl. 13

SPAREBANKEN MØRE

Fiskeri, status og utviklingstrekk.

Minglepause med taffel-pianist Janicke Dikbas kl. 14.30

 

 

 

 

Anna With Rødstøl, Idélab ÅKP - berekraft og taksonomi kl. 14.55

Anna With Rødstøl er seniorrådgivar og ansvarleg for Idélab hos ÅKP. Anna har bakgrunn som forretningskonsulent, og har jobba mykje med organisasjonsutviklings- og forbetringsprosjekt både i offentleg og privat sektor.

Anna skal halde innlegg om berekraft og taksonomi: Korleis unngår vi at berekraft blir eit omgrep som kan brukast om alt, og kvifor er taksonomi genialt? Eit innlegg om ESG og EU sitt nye lovverk for kommunikasjon i kampen mot grønvasking.

 

 

Havvind-debatt kl. 15.10-15.55

Fiskarane er redde for arealbruk og korleis vindparkane vil påverke livet i havet. Samtidig treng vi stadig meir fornybar energi og ny rapport viser at det kan bli så mykje som 52.000 arbeidsplassar berre knytt til flytande havvind.

FoKo22 tek debatten med:

  • Helene Kristoffersen, fagsjef fangstbasert industri, Sjømatbedriftene
  • Ola Christian Olsen, nestleiar, Pelagisk Foreining
  • Lars Conradi Andersen, dagleg leiar/CEO, Myklebust Verft AS
  • Marte Ziolkowski, rådgiver Politikk & Analyse, Norges Rederiforbund
  • Debattleiar er Jan Erik Røsvik, samfunnsredaktør i Sunnmørsposten.

white electic windmill

 

 

Ettermiddagspause - med ribtur eller historietur til den gamle slippen i Fosnavåg?

I pausen mellom det faglege programmet og krabbefesten kan du alltids ta deg ein ettermiddags-strekk på køya, men det er også tid til ein rib-tur med Havopplevelse eller ein kort spasertur rundt hamna, for å få omvising hos Herøy Kystlag på den gamle slippen.

Ein times ribtur tek deg for eksempel til Runde og fuglefjellet. Der går de med sakte fart og får nærkontakt med fuglelivet. Er det stilt ver, kan ein også kome inn i grotta i fjellet. Før og etter fuglefjellet er rib-turen susande fartsglede til sjøs. Det er meldt bra vær!

Bestilling gjer de her: www.havopplevelse.no

Ribtur må bestillast innen 27. september.

På andre sida av hamna finn du basen til Herøy Kystlag. I den gamle slippen har dei laga eit kystkultursenter i tre etasjar der besøkande får sjå alt frå medisinkister til motorarar, ekkolodd, foto og fleire trebåtar av ymse slag.

Vil du ha omvising her, så ta kontakt med leiar i Herøy Kystlag, Robert Voldnes, på e-post robert@voldnes.no

Krabbefest med live-band kl. 18

Om kvelden samlast vi til krabbefest, god drikke og godt lag.

Gjennom kvelden blir det musikk med bandet Vyjar.

Mange har opplevd Vyjar på “Kongens Hagefest” under Herøyspelet, og veit at bandet leverer likbare låtar som skaper god stemning og som freistar til å synge med.

Dei som er med i Vyjar er Johnny Leikanger, Runar Sævik, Yngve Sævik, Arve Voldsund og Vegard Voldsund.

Herøy Næringsforum
Postboks 108
6099 Fosnavåg

Takk til våre samarbeidspartnarar: