Fosnavågkonferansen
Vi jobber med programmet for årets konferanse torsdag 18. juni 2026 – sett av dagen og kvelden! Thon Hotel Fosnavåg og Konsertsalen er staden også i år.
Her får du ein “sneak-peak” på noko av innhaldet:
- Skipsdesign – nyheiter og perspektiv på framtida med fire lokale skipsdesign-miljø: Kongsberg Maritime Ship design, Marin Teknikk, Ulstein Group og Hav Design.
- Kystnæringa – korleis kan vi bli den nye “rockestjerna” med Mathias Fischer, Initiativ Vest. Vi tek også ein prat med lokale reiarar kring dette temaet.
- Kampen om verdsmakta og implikasjonar for marin – og maritim næring v/ Øystein Tunsjø, Professor of International Relations.
Det blir i tillegg til innlegg på konsertscena våre populære Parallellsesjonar kor det blir ulike tema du kan velje mellom.
Mellom det faglege innhaldet vil det bli lagt inn gode pauser og tid til mingling!
Vi vil legge ut meir informasjon om programmet etter kvart, og opnar for påmelding ca. medio mars.
Dagen avsluttast, for dei som ønsker, med god mat og hyggeleg samvær i hotellrestauranten, med så mykje lokal og kortreist mat som mogleg.
Takk til vår hovudsponsor:
Arrangør: Fosnavåg Shippingklubb
Dagleg leiar Sissel Ødegård
Tel.: 414 69 685 / e-post: fosnavag@shippingklubb.no
Postboks 138
6099 Fosnavåg - Norge
Org.nr. NO 994 919 989 MVA
6099 Fosnavåg - Norge
Org.nr. NO 994 919 989 MVA
